Korona – Bybanens tiltak
Korona - Bybanens tiltakMange personer er avhengig av Bybanen. Vi har iverksatt en rekke tiltak for å forhindre smitte og for å sikre sikker drift.[inbusiness_timesince year="2020"...
Aktuelt
Bybanen feirer 10 årsjubileum.
Mandag 22. juni 2020 er det ti år sidan dronning Sonja opna Bybanen for drift mellom Bergen sentrum og Nesttun. Fylkesordførar Jon Askeland opna jubileumsveka slik: «Bybanen er Bergen på sitt beste, med entusiasme og engasjement, med debattar for og mot. Bybanen hadde ein trong fødsel, men er i dag ryggraden og den største suksessen vi har i kollektivtrafikken».
Bybanen i Bergen har vore ein eventyrleg suksess. Alle dei tre første byggetrinna er ferdigstilt innan tids- og kostnadsrammene, og driftsorganisasjonen leverer eit Bybanesystem i verdenstoppen på kvalitet og sikkerhet. Passasjerveksten sprengjer alle prognosar. I 2019 var det 18,6 millionar reisande med Bybanen, og frå opninga av byggetrinn 3 til Flesland i 2016 til no har passasjertala auka med over 50%!
Ordførar Marte Mjøs Persen sa under opninga av jubileumsveka at det er ingenting som har endra Bergen meir enn Bybanen. «Sjølv vi som var ivrige forkjemparar, hadde ikkje trudd at det skulle bli ein så stor suksess, ikkje berre i tal reisande, men og korleis Bybanen har vore med på å bygge byen. Vedtaket om Bybanen er det viktigaste vedtaket som bystyret har gjort. Men det er først når vi får ein heilskapleg trase nord-sør, vi kan utnytte det fulle potensialet. No er motstandarar den gongen blitt ivrige reisande og forkjemparar for Bybanen», sa ordførar Marte Mjøs Persen.
Gratulerer med dagen!
Se filmen om Bybanens historie her.
I 1999 var det ikke mange som visste hva en bybane var, og lite visste den jevne bergenser om hvilken betydning Bybanen ville få for samfunnsutviklingen.
Se filmen om Bybanen her.

Se hva byens innbyggere sier om Bybanen

Opplev en musikalsk reise med Bybanen